Blir ikkje eit grønt skifte utan kompetanse


Av Ragnhild Lied, Unio-leiar

Unio støttar fullt ut ekspertutvalet til regjeringa om grøn konkurransekraft som la fram sin rapport i oktober i fjor. Utvalet påpeika på behovet for å investere meir i FOU og å vri forskinga i grøn retning. Då må vi stanse outsourcing av arbeidsplassar som kan gje oss denne kompetansen.

Regjeringa oppnemnde 16. juni 2015 Ekspertutvalet for grøn konkurransekraft. Utvalet skulle foreslå ein overordna strategi for å fremje grøn konkurransekraft fram mot 2030 og lavutsleppssamfunnet i 2050.

Utvalet skulle greie ut internasjonale og nasjonale rammevilkår, utfordringar og moglegheiter, og foreslå tiltak for styrking og vidareutvikling av grøn konkurransekraft i norsk næringsliv. Eit viktig mål var å bidra til ein opplyst offentleg debatt.

Rapporten er, slik Unio ser det, eit viktig bidrag til ein politikk for vekst, og trygge og grøne arbeidsplassar basert på kunnskap og kompetanse. Paris-avtalen har gitt oss ein marsjordre som forpliktar.

Forfatter: Ragnhild Lied

Utvalet var tydeleg på at statsministeren må drive gjennom realiseringa av det grøne skiftet, og at ansvaret for omstilling ligg plassert i regjeringa. Å nytte partane i arbeidslivet som aktive medspelarar i dette arbeidet, er ein viktig føresetnad for at regjeringa skal kunne løyse klimautfordringane og velferdsutfordringane på same tid. Det er også viktig at staten må bere risikoen slik at næringslivet vågar å ta dei naudsynte grøne vala.

Men vi må også peike på utfordringar som kan gjere dette arbeidet meir problematisk enn nødvendig. Det handlar om outsourcing. Og då særleg innanfor IT-sektoren.

Den teknologiske utviklinga går rasande fort. Det er krevjande å henge med. Stadig høyrer vi, dels frå ulike fagmiljø, dels frå næringslivet, men også frå politikarar med ulik farge: Norge – norske arbeidsplassar – heng ikkje med i IT-racet. Kommunane er for trege. Dei store offentlege IT-prosjekta blir forseinka eller havarerer. Det blir ikkje satsa nok på kompetansebygging. Heller ikkje ved universiteta.

Men dette bør ikkje overraske nokon. For i lang tid har outsorcing vore den dominerande strategien på IT-området. Når bedrifter – også offentlege bedrifter – skal effektivisere, er svaret ofte å outsource IT-tenester. I praksis betyr det ofte å eksportere arbeidsplassar til utlandet. Ofte til India og andre land langt unna, med lønnskostnader som norske arbeidsgjevarar knapt vågar å tenke på her heime.
Store statlege bedrifter, som Statoil, har gått i front i denne prosessen. No vil somme sjukehus kaste seg på denne nedbyggingsbølgja. Forsikringsselskap har gjort det for lenge sidan.

Outsourcing er i praksis nedbygging eller utsending av norske arbeidsplassar og av kompetanse. I statsbudsjettet blir dette omtalt som effektiviseringstiltak. Og på kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt. Men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Spesielt trygt er det heller ikkje.

Det går godt an å forstå at mange bedrifter, særleg dei små og mellomstore, må kjøpe inn IT-kompetanse. Det kan vere både klokt og nødvendig. Men det er heller  ikkje desse bedriftene som først og fremst driv denne forma for kompetansesvekking.

Vi finn omtale av kompetansebehov på IT-feltet i statsbudsjettet. Men ei strategisk kampsak er det ikkje. Det er synd at regjeringa ikkje følger opp sitt eige ekspertutval om grøn konkurransekraft.

Difor trengst ein tydeleg strategi for IT-utvikling – som kan bygge norsk kompetanse og norske arbeidsplassar. Begge delar trengst. Og det kan dessutan styrke det grøne skiftet. Klimavennleg teknologi og IT heng saman.