PERSPEKTIVMELDINGA VISER BEHOVET FOR EIT KLIMAPOLITISK BEREKNINGSUTVAL


Av Unio-leiar Ragnhild Lied


Perspektivmeldinga som nyleg vart lagt fram viser at klimapolitikken går i rett retning, men for sakte. Ho viser òg at klimapolitikken kan bli svært dyr framover, sett i lys av dei finansieringsutfordringane AS Noreg står overfor. Difor treng vi no verktøy som kan hjelpe oss i arbeidet mot betre klimabudsjett.

Finansdepartementet har kome fram til at ei vidareføring av dagens fordelar til lavutsleppsbilar åleine vil kosta staten 30 milliardar i året frå 2025 til 2030. Difor må det framover leggjast meir vekt på pisk enn gulrot. I dette perspektivet er det interessant at Europaparlamentet samstundes har vedtatt å be Kommisjonen om å forby bruk av palmeolje i biodrivstoff. Dette er ikkje juridisk bindande, men vil vere eit viktig innspel til den revisjonen Kommisjonen no skal gjere av fornybardirektivet. Dette er som kjend EØS-relevant og vil kunna påverka norsk politikk framover.
Sett i lys av handsaminga av statsbudsjettet dei siste åra, er det grunn til å spørje om politiske styresmakter har dei verktøya som skal til for å fatta dei vedtaka som har ein reell klimaeffekt og som samstundes er mogleg å finansiere.

Unio har, som einaste hovudorganisasjon, foreslått at det vert etablert eit eige berekningsutval for klima, etter inspirasjon frå korleis lønnsdanning skjer i Noreg. Teknisk berekningsutval (TBU) legg eit grunnlag som lettar forhandlingane om lønn ved at ei representativ forsamling vert samde om eit felles faktagrunnlag. Dette bør òg skje som grunnlag for utvikling av klimapolitikken.

 

Ukeavisen ledelse omtalte Unios forslag den 7. april. Dei skriv: Bakgrunnen er at ideen om klimabudsjetter begynner å feste seg i norsk klimadebatt. Som en del av budsjettforliket i desember instruerte Stortinget regjeringen om å gjøre en vurdering av Oslo kommunes klimabudsjett, og om det kan danne mal for en rapportering om klimakonsekvenser av politikken i statsbudsjettet.
Hovedorganisasjonen Unio foreslo i februar at regjeringen raskt tar initiativ til at det opprettes et Teknisk beregningsutvalg for budsjettpolitikkens klimaeffekter (…) Unio tar med dette til orde for et historisk samarbeid mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen.»

 

Unio har no tatt opp dette forslaget med alle partia på Stortinget, og vi har møtt interesse for forslaget. Det oppfattar vi som positivt i og med at gjennomføringa av klimapolitikken skal skje samtstundes med at Noreg skal løyse betydelege velferdsutfordringar med mindre økonomisk handlingsrom enn tidlegare. I den situasjonen treng vi oppdaterte politikarar som byggjer vedtaka sine på kunnskap og kompetanse. Å oppretta eit klimapolitisk TBU vil difor vere ein viktig føresetnad for å nå våre felles mål.