HASARDIØS KOMPETANSEDUMPING


Av Unio-leiar Ragnhild Lied


Politikarar av alle fargar snakkar stadig om satsing på kunnskap, omstilling, og om teknologi. Det skal skapast nye og framtidsretta arbeidsplassar. Likevel flaggar vi her til lands ut ei rekke viktige og sentrale oppgåver, også i offentleg sektor.  Vi  dumpar både kompetanse og arbeidsplassar. Samstundes spelar vi hasard med personvern og tryggleik.

Vi har sett fleire skandalar som følgje av at bedrifter, også offentlege verksemder, vel å flagge ut oppgåver som  heller burde  løysast innanlands.
Eit google-søk nettopp på «IT-skandale» gir mange, svært mange, treff. Før jul blei det avslørt at datasystemet som styrer viktige delar av Statoils produksjon blir administrert av eit selskap i India, og at ein tilsett der hadde stoppa heile produksjonen på oljeraffineriet på Mongstad ved ein tastefeil. Ifølgje NRK hadde over 100 tilsette i India adgang til heile dataanlegget til Statoil.

I februar blei det avslørt at ein dataingeniør i India hadde hatt tilgang til det norske nødnettet i 14 månader, mens andre der hadde hatt tilgang i kortare tid. Underleverandøren Broadnet hadde sett bort arbeid til India for å spare pengar, og gitt tilgang til folk uten sikkerhetsklarering. Linjer i nødnettet i Noreg kunne med andre ord stengast frå India.

Og det siste eksempelet står Helse Sør-Øst for. NRK kunne nyleg avsløre at ei rekkje utanlandske IT-arbeidarar i fleire veker har hatt tilgang til sensitive helsedata for så mange som to millionar norske pasientar. Oppgåver og ansvar var overlatne til utanlandske selskap og konsulentar.

Sentralt i utflagginga står amerikanskeigde Hewlett Packard Enterprise, som i sin tur drar nytte av billeg kompetanse i Aust-Europa. Når statsråd Høie har blitt konfrontert med situasjonen, har han vridd seg og mumla standardsvaret: «Slikt skal ikkje skje». Eit velkjent svar når grove feilskjer blir avslørte. Statsråden visste kanskje ikkje alt. Men hovudsaka – utflagginga – var han godt kjent med. Likevel har han i Stortinget informert om at utlendingar ikkje får tilgang til sensitiv helseinformasjon. Nå blir det gransking av Kontrollkomiteen på Stortinget for å avdekke kven som har visst kva.

Dagens regjering har ansvar, men ikkje åleine. I lang tid har utflagging vore den dominerande strategien på IT-området. Når bedrifter – også offentlege bedrifter – skal effektivisere, er svaret ofte å flagge ut IT-tenester. I praksis betyr det ofte å eksportere arbeidsplassar til utlandet, gjerne med lønnskostnader som norske arbeidsgjevarar knapt vågar å tenke på her heime.
Eg har sagt det før: I praksis er det nedbygging eller utsending. Av norske arbeidsplassar og av kompetanse. Og på kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt. Men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Spesielt trygt er det heller ikkje. Det er dokumentert gong på gong.

Politikarar og leiarar i private og offentlege verksemder må spørje seg om ein mogleg, kortsiktig økonomisk gevinst er viktig nok til å ofre norske kompetansemiljø og arbeidsplassar, samstundes som man svekker tryggleiken og mister kontrollen.

Det bør satsast på kompetansebygging, ikkje på kompetansedumping.