REGJERINGA MED KROKFOT PÅ PENSJONISTANE


Ragnhild Lied, Unio-leiar


Etter årets trygdedrøftingar har pensjonistar flest svært gode grunnar til å kritisere regjeringa. Pensjonistane har gjennom fleire år tapt kjøpekraft. Unio utfordrar stortingspolitikarane til å syte for at pensjonistane får det dei har krav på.

For tredje året på rad ber regjeringa om pisk frå landets pensjonistar, frå veljarar og frå alle organisasjonane som er med på trygdedrøftingane. For tredje året på rad blir Stortingets intensjon om at pensjonistane skal ha halvparten av realveksten for lønnstakarane neglisjert. Pensjonistane har blitt hengande urimeleg etter.

Det har nok også regjeringa innsett: Noko måtte gjerast. Det stundar til stortingsval. Men i staden for å «forhandle» med organisasjonane, kom regjeringa med standardsvaret sitt: Skattelette. Denne gongen gjennom revidert budsjett, der det blir foreslått å heve minstefrådraget for pensjon. Difor bør stortingspolitikarane no ta ansvar for å regulere pensjonane med gjennomsnittet av pris- og lønnsvekst når pensjonsreguleringa blir lagt fram for Stortinget.

Statsråd Hauglie, som har ansvaret for trygdedrøftingane,  hevdar likevel hardnakka at pensjonistane har fått eit løft. Ho viser til at alderspensjonane har hatt ein realvekst på fire prosent sidan 2010. Men då burde ho også ta med at i same periode har reallønnsveksten vore på 13,7 prosent.

Pensjonsreforma la rett nok opp til at pensjonane skulle underregulerast, lønnsvekst minus 0,75 prosent. Men den gongen var reallønnsveksten klart høgare enn han har vore dei siste åra. 2017 blir det tredje året å rad med reell nedgang for alderspensjonistane. Det var ulike syn på underreguleringa den gongen, men knapt nokon såg for seg at pensjonistane år etter år skulle straffast med nedgang i kjøpekraft.  Dette svekker tilliten til pensjonsreforma og til politikarane.

Reguleringa av pensjonane i 2017 kjem ekstra dårleg ut fordi regjeringa meiner at pensjonistane fekk for mykje i 2016! Dette handlar om korleis lønnsstatistikken frå 2016 skal forståast og brukast. Dei aller fleste fekk det som lønnsstatistikken viser, nemleg moderate 2,4 prosent. Men som vi veit miste mange høglønte i oljerelaterte næringar jobben det året. Dermed blir gjennomsnittslønna for dei som er i arbeid lågare. Og vips så kan nasjonalrekneskapen operere med ein «målt» lønnsvekst i 2016 på 1,7, prosent. Skilnaden på 0,7 prosent blir så brukt til å straffepensjonistane gjennom krav om tilbakebetaling i år. Dette er å sette krokfot på pensjonistane.

Det osar dårleg samvit av forslaget om å auke minstefrådraget for pensjonsinntekt. Det er mogeleg regjeringa trur at det meste kan fiksast gjennom skattelette. Så lettlurte er ikkje pensjonistar flest. Dei ser nok at dette er eit forsøk på å gå rundt drøftingane, og at regjeringa på den måten prøver å sparke bein både på hovudorganisasjonane og på pensjonistorganisasjonane.

Unio har foreslått å regulere pensjonane med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Dette ville vere meir ryddig, det ville vere ei forenkling, og ikkje minst – det ville oppfylle stortinget intensjon. Samtidig ville ein slik metode dempe den usikkerheita som er knytt til framtidig produktivitetsvekst. Men regjeringa vil ikkje.

Stortinget bør difor sette inn ei kontant, men rein, takling på regjeringa under behandlinga av revidert budsjett! Rydd opp – gi pensjonistane det dei rettmessig har krav på!