UNIO – MODIGE VAL OG TYDELEGE SVAR


 Ragnhild Lied, Unio-leiar


Valkampen er i gang. Stadig fleire av dei sentrale politikarane er på banen for å overtyde veljarane om at nett dei har dei rette svara. Men kva er spørsmåla? Spørsmål som vil vere avgjerande for neste generasjon, men som er relevante for folk flest også her og no?

Vi lever i ei uroleg tid. Vi ser ei verd i endring. Vi treng då politikarar som møter dei store utfordringane som vi ser kome. Utfordringar som strekkjer seg utover sagway, «norske verdiar» eller ulv.
Som fagforeiningsleiar vil eg her peike på tre saker der det trengst modige val og tydelege svar:

1. Politikarar av alle fargar snakkar stadig om satsing på kunnskap, om omstilling, og om teknologi. Det skal skapast nye og framtidsretta arbeidsplassar. Det er bra. Men likevel flaggar vi her til lands ut ei rekkje viktige og sentrale oppgåver, også i offentleg sektor. Vi dumpar både kompetanse og arbeidsplassar. Vi har sett fleire skandalar som følgje av at bedrifter, offentleg og private, vel å flagge ut oppgåver som heller burde løysast innanlands. Eit søk på IT-skandale fangar opp både Statoil og Helse Sør-Øst. Og Noreg er ikkje åleine. Berre spør den svenske statsministeren, som måtte berge seg ved å kvitte seg med statsrådar etter ei skandaløs IT-outsourcing.

Den felles drivkrafta ser ut til å vere pengar. På kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt å outsource. Men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Spesielt trygt er det heller ikkje. Politikarar og leiarar i private og offentlege verksemder må spørje seg om ein mogleg, kortsiktig økonomisk gevinst er viktig nok til å ofre norske kompetansemiljø og arbeidsplassar, samstundes som ein svekkjer tryggleiken og mister kontrollen. Det trengst mottiltak. Det handlar ikkje om proteksjonisme, men om konkurranse på like vilkår. Utdanning er også på dette området nøkkelen. Og dessutan: systematisk samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet.

Vågar norske politikarar å legge rammer for at det i framtida skal satsast på kompetansebygging, ikkje på kompetansedumping?

2. «Grøn omstilling» er blitt eit begrep dei fleste politikarar smykkar seg med. Skal Noreg klare å byggje ny industri, som er heilt avgjerande om vi skal klare å behalde velferdsordningane våre, så må det omstilling til. Kan dagens politikarar våge å tenkje like offensivt som politikarane gjorde på 1960- og 1970-talet då vi skapte oljeindustrien. Då blei det i startfasen tatt viktige val som har fått betydning for den velstanden vi har i dag. Vågar dagens politikarar å stikke fingeren i jorda og innsjå at vi nå må gå frå ei industriepoke og starte på ei ny? Og vil vi sjå eit politikarar som i staden for «visjonære slagord» kan legge fram ein truverdig strategi for ein ny klimavennleg industriæra for landet vårt?

3. Noreg har vore eit land med små skilnader og stor tillit. Evna til å kombinere sosial og økonomisk likskap med konkurransekraft og produktivitet, er ei av våre sterke sider, og som mange andre land strevar med å forstå. Vi har klart dette mellom anna takka vere eit tett samarbeid mellom stat, arbeidsgjevar og fagrørsla – trepartssamarbeidet. Denne grunnmuren må forsterkast og fornyast. Vi ser no nye utfordringar med nye forretningsmodellar i den digitale økonomien som knapt kjenner landegrenser, og som avdekker manglar ved dagens ordningar. Klassiske nasjonale reguleringar strekke ikkje til. Difor treng vi no politikarar som vågar å kjempe for arbeidsplassar og arbeidstakarrettar også i den digitale økonomien. Om ikkje, vil Noreg miste arbeidsplassar, skatteinntekter og etter kvart også det organiserte arbeidslivet som til nå ha vore garantien for eit godt, trygt og fleksibelt arbeidsliv.

Det viktigaste er at folk nyttar seg av demokratiet og brukar stemmeretten. I ei verd der demokratiet blir utfordra og er under press i fleire land, er deltaking i politikk og samfunnsliv heilt avgjerande. I så måte spelar fagrørsla – ikkje minst den partipolitisk ubundne delen – ei viktig rolle. Unio-forbunda og medlemmene har forventningar og krav på ei rekkje område til alle politiske parti!