4   +   7   =  

Milliardbru på Vestlandet : Replikk fra samferdselsminister Jon Georg Dale


Jon Georg Dale, samferdselsminister

Foto: Olav Heggø


 

Noreg er eit langstrakt land med mange utfordringar for dei som reise frå a til b. Kryssing av djupe fjordar er blant dei største og mest interessante utfordringane i samferdselssektoren.

Samstundes skal regjeringa legge til rette for å skape levande bu- og arbeidsmarknadar. To av dei største og viktigaste marknadane på Vestlandet er Stavanger og Bergen. Både folk og næringsliv treng ein effektiv og rask veg mellom byane. På den måten kan vi skape ein meir heilskapleg region, ikkje minst med nye moglegheiter for verdiskaping.

FOTO: Illustrasjon Statens vegvesen/Vianova/Baezen

 

Etter fleire utgreiingar gjekk regjeringa inn for at E39 skal krysse Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os. Det jobbar Statens vegvesen med no. Spørsmålet er kva for ei type bru som skal byggast. I dette spørsmålet er eg svært oppteken av kostnadsreduksjon. Statens vegvesen har allereie klart å kutte med om lag åtte milliardar kroner. Det er mogleg å kutte meir. Statens vegvesen skal avgjere kva for slags bru dei går for i løpet av hausten 2019.

LES MER: Er lommeboken vår trygg for statsråd Jon Georg Dale?

For å få dette til er vi avhengig av ny teknologi. Korleis vi bygg vegar og bruer er i stadig utvikling. Noreg har gode føresetnader til å vere i førarsete i verda når det kjem til å finne gode løysingar for dei store og vanskelige fjordkryssingane.

LES MER: Veiprising gir NTP-omkamp?

Som ein stor sjø- og oljenasjon har vi lært oss å jobbe både over og under vatn. Spesielt offshoreindustrien har verdifull erfaring og kompetanse på å bygge i tøffe forhold til havs. For brukryssinga av Bjørnafjorden er nærleiken til Stavanger og oljebransjen er gunstig. Eg har tru på at eit godt samarbeid vil gje oss innovative og gode forslag til korleis ei bru over Bjørnafjorden kan bli best mogleg, samstundes som vi har kontroll på kostnadane.